mandag 3. desember 2012

Borgundgavlen


av Roar Larsen
 
Kjem du hit ein førjulskveld
når snøen ned frå himlen fell
det kvite teppe gjer stille gange
og svake månelys let seg fange


Lukk auga og du høyrer stemmer
du kjenner lukter frå gard og hus:
På stabbursvegg heng fisk og mør
frå bryggerhuset sig ut av ei åpa dør
damp og latter, som eit godlynt slør


Det er kønnøl som lagas no                                   
Du ser skuggar bak dogga glas,
fyrste smaken er store stas


Her i stova, om du ynskjer vel
så høyre du fiskaren kor han fortel
om dagens fangst blandt båer og skjær,
men ikkje fortelle han kor fisken er


Du kjenne lukta av gamle tider
ho riv i nasen som gammal sider.
Så gjeng du lenger ned mot vågen,
du kjenner lukta stram og stri                     
for ein gong låg her eit garveri.


Men så høyrer du latter, prat og skjemt,
i "børsen" vert du ikkje skremt.
Her sit Jens, Jacob og Fredrik Vik
Skomakar Johan slår i ein "spik";
bestefar Jens P var ikkje med i dag
men karane løyser problem av alle slag


Så åpner vi auga og er her i dag
Ei anna tid, men same stad
Kjenn historia for tid som kjem,
det kan vere ein god ven